2017

 

Garden

Garden har eksistert på Dalland i lang tid. Driftbygningen som står i tunet i dag er ein kombinasjon av eit bygg frå 1800talet, og eit nyare bygg i frå 1978. Når me overtok i 2015 var bygget eit mjelkefjøs. Me har tilpassa dette til ammekufjøs, og brukar det så lenge det er stort nok. I løpet av eit 5års perspektiv har me planar om å byggja eit nytt, med plass til fleire dyr. Sauene og geitene bur for det meste ute, men har plass i den eldste delen av driftsbygningen.

 

Våre dyr blir fôra med:

 

Rettferdig

 

Naturleg

 

Berekraftig

 

 

                                                            Historie

 Gardstunet frå den tida alt var i svart-kvitt

Gardstunet frå den tida alt var i svart-kvitt

Meir info kjem etterkvart 

 

Bygging av elvemur på garden


 

Garden ligg idyllisk til på Tysnes i Hordaland. 

 

 Sommaren 2016

Sommaren 2016

 Geitekje våren 2016

Geitekje våren 2016

 Høytørking juni 2016

Høytørking juni 2016


 

Gardsdrifta - slik jobbar me

 Pressing av tørrhøy sumaren 2015

Pressing av tørrhøy sumaren 2015

 Fyrsteslått 2016

Fyrsteslått 2016

 Rundballepressing fyrsteslått 2016

Rundballepressing fyrsteslått 2016

 Pløying våren 2016

Pløying våren 2016

 

Me har i oppstarten drive potetproduksjon, samt grasproduksjon til dyra. Dei potetene som ikkje møter krava til storleik for matpotet vert tilleggsfor til dyra våre. Me forar ikkje med kraftfor, dette brukar me berre som "snacks". Fokuset no er grasproduksjon, oppsetjing av nye gjerder, rydding av beiter, og ferdigstilling av byggeprosjekt.

Me slår og haustar all jorda me driv sjølv. Det meste vert rundballar, noko lagar me tørrhøy av og. Potetene har utgjort omlag 5 dekar, men i år kjem me til å produsera gras på alt areal.

Beitene våre ligg stort sett direkte tilknytt garden, noko som gjer at dyra alltid er i nærleiken gjennom beitesesongen. Me har starta ein omfattande jobb med rydding av beiter, og me trur på at rett bruk av dei, samt vidare arbeid med rydding vil bidra til meir produktive beiter, eit vakkert kulturlandskap, og betre trivsel for dyra. 

Me produserer ved enkelte år. Då tek me alt vedtømmeret frå beiteryddinga, og produserer så mykje at me har ved til eige bruk og salg i 2-3 år. Me legg vekt på at veden skal halda den kvaliteten forbrukaren forventar.

Me held på å bygga vårt eige foredlingsrom for kjøt. Framleis leiger me skjering og pakking på slakteriet, men planen er å ferdigstilla våre eigne lokaler i løpet av 2018.

Utvikling er viktig. Me har fleire prosjekt på planen, og dette vil det komma meir om etterkvart.