Anders Dalland

Bonde, føredragshaldar, musikAr og altmuligmann
 

Eg er oppvaksen på garden. Eg er utdanna og jobbar innan oljebransjen, og nyttar fritida til arbeid på garden. Eg er svært oppteken av å ta vare på historien og ressursane, og forvalta desse på ein måte som er rettferdig mot både samfunnet, folk, dyr, natur og miljø. Eg går nesten alltid med hørselvern, og radioen er alltid innstillt på NRK P1. Er det noko som går skeis klarar eg alltid å fiksa det! 

 
2016-01-17 18.52.01-1.jpeg

Irene Dalland

bonde, førskulelærar, 
 

Eg flytta til Tysnes i 2014. Eg er ikkje oppvaksen på gard, men oppvaksen i Hillesvåg, Lindås. Eg jobbar fulltid på garden. Heile livet har eg hatt stor interesse for dyr, og gjekk på Stend jordbruksskule frå 2006-2009. Eg gjekk inn med eit stort pågangsmot under overtakinga av garden og hadde ei bratt læringskurve i 2015. Det vart fort klart for meg kor omfattande det å vera bonde faktisk er! Eg engasjerer meg veldig for norsk matproduksjon og norsk jordbrukspolitikk, og er leiar for Tysnes bonde og småbruklag, sit i styret til Hordaland bonde og småbrukarlag.

 
42058981_290086545144174_7705173918889279488_n.jpg

Johanne Dalland

skogsarbeidar, avløysar, kjøtskjærar, reinhaldsarbeidar, slåttonhjelp, fotograf, personleg assistent, humørspredar og igangsetjar
 

Eg er syster til Anders, og oppvaksen på garden saman med han. Eg jobbar no dugnad på garden, då eg er attende i min kommunale jobb. Eg er utdanna innan restaurant- og matfag, og har hjulpet med utviklingen av farseoppskrifter til pølseproduksjonen på garden, og idear til andre nye produkt. Når det verkeleg røyner på bakar eg verdas beste sjokoladekake, og denne får opp både blodsukker og humør hjå dei som arbeidar på garden!

 

Dei gode hjelparane

Me er svært mange flinke og blide folk som likar å hjelpa til med både daglege gjeremål og enkeltprosjekt på garden


Me stiller opp når det trengs, og bidreg med alt frå barnepass, til gjerding, potethausting, maling, bygging, skogrydding, dyrestell og masse masse meir. Me veit at Anders og Irene set pris på oss!