Pianofjøsen på Tysnes! 

 
18954715_473894536279278_448553603690777558_o.jpg
 

Den spede start

Me starta smått med ein draum og ein ide. Ein ide om å driva gard på ein berekraftig og naturleg måte, med dyra sitt beste i fokus. Me har eit sterkt ynskje om at dyra våre skal få leva på sine eigne premissar, ikkje på premissane til kapitalstyrt industriell matproduksjon. Dei skal leva av og i naturen, og utnytta dei ressursane som fins på garden. Dette krev meir innsats, og stiller større krav til oss som bønder. Men resultatet er produkt av ein heilt særeigen kvalitet. Me trur dette er berekraft i praksis. Me veit at du som forbrukar vil smaka forskjell! 

 

“Eg trur heilt alvorlig at dette har ein effekt.” 

— Anders Dalland, om piano i fjøset

 
 

På garden er det vestlandsk fjordfe, gammalnorsk sau, og grasproduksjon. Dyra våre nyttar nofence, og me driv økologisk med fokus på regenerativ drift.
Det er mykje planar og idear for garden så følg med!

Meir om dyra på Dalland -->

 
2016-06-11 13.03.09.jpg
 

Vårt oppdrag

Tysnes har eit unytta potensiale når det gjeld produksjon av mat, me ser på det som vår (opp)gåve å tilføra lokalmat inn i samfunnet. Eit av primærbehova i livet er mat. Me treng mat, me likar at den smakar godt, og at den er bra for kroppen vår. Matproduksjon er ein av dei mest komplekse politiske utfordringane me har. Me trur på å utnytta ressursane der dei fins, på ein rettferdig måte ovanfor samfunnet, miljøet, naturen og dyra. 

Les om dei ulike produkta du kan tinga hjå oss her -->

 

 Glade grasfora dyr, i vakre naturlege omgjevnadar. Slik lagar me økologisk naturleg kvalitetskjøt på Tysnes!

 

 
 

1500 mål fordelt på 1300 mål utmark, 100 mål innmark og 100 mål beite

Les meir fakta om garden her ->

 
SQS_RYAN-HENRY_DK_0260-cropped.jpg
 

Kontakt oss 

Ta gjerne kontakt med Irene eller Anders på Dalland om du lurer på noko. Me svarar etter beste evne!

Gå til kontaktinfo her -->