Dyra på garden

Me er opptekne av at dyra skal ha det godt. Dei skal få leva mest mogeleg på sine eigne premissar, og ha tilgong på god mat, godt selskap og høvelege doser med kulturelle innslag! 

 
 
vikkihost133.jpg

Vestlandsk fjordfe

Me har ein nydeleg ammekuflokk med vestlandsk fjordfe. Fjordfeet var frå gammalt av det vanlegaste storfeet på vestlandet. Dei er litt mindre enn mange andre rasar, men har det desidert beste kjøtet! For omlag 15 år sidan var vestlandsk fjordfe nesten utrydda, og framleis er det under 600 avlsdyr i heile landet. Aukande interesse for det særeigne kjøtet har bidrege til fleire nye besetningar dei siste åra. For oss er dette avgjerande, i tillegg til at dyra er svært godt tilpassa klima og topografi på vestlandet, og er betre enn dei fleste andre rasane til å utnytta dei ressursane som er tilgjengelege her. 
I vinterhalvåret vert dyra fora på næringsrikt gras frå eigen eng. Frå mai til oktober får dyra vera ute og eta det dei likar aller best - akkurat der det veks! 
Den dagen du smakar kjøt frå vestlandsk fjordfe vil du innsjå at det er stor forskjell på storfekjøt!

Den avbilda kua heitte Sølvrei.


gammalnorsk sau

Me har ein realtivt liten flokk med det som eigentleg heiter gammalnorsk sau, men som dei fleste kallar villsau. Sauene er fantastiske, og utfyller kyrne på beitene, slik at me også klarar å halda kulturlandskapet i hevd. Dei får lov å vera ute heile året, og trivst ute i all slags vêr. Desse sauene er i likskap med kyrne og svært godt tilpassa dei klimatiske og topografiske tilhøva me har her på vestlandet, og resultatet er eit aldeles framifrå lammekjøt - basert på naturlege vekstar, frisk luft, og ein utsvevande livsstil! Etterkvart vil me også tilby lammekjøt av makalaus kvalitet!

vikkihost23.jpg

vikkihost139.jpg

Kasjmirgeiter

Samme året som sauene kom til gards (2015), kom det 5 geiter til gards! Dei var våre trufaste beiteryddarar. Dei siste åra har me rydda mykje skog og kratt med mål om eit finare kulturlandskap, samt betre beiter til dyra. Geitene er unike til å halda vegetasjonen nede, og slepp til på områder som er nyrydda for å hindra etablering av busk og kratt.
Snille, kosete, nyskjerrige, og veldig smarte! Geitene våre brukte nofence - eit virtuelt gjerdesystem som gjer at geitene våre kan beita akkurat der me ynskjer! Diverre såg me oss nødt til å omplassera geitene våre i 2019, så per dags dato har me ikkje geit på garden.