Pølsemakeriet/
kjøtforedlingslokalet

 
 
2018-08-13 13.41.43.jpg

Pølselaging

I august 2018 stod pølsemakeriet klart i kjellaren på bustadhuset. Her lagar me ulike grillpølser og middagspølser. Fram til no har me nytta innkjøpt kjøt, men draumen er å ha kjøt frå eigne dyr. Me er heilt avhengig av svinekjøt, og inntil me har kapasitet til å skaffa gris sjølv, er me nødt å kjøpa inn dette. Me nyttar berre norskprodusert kjøt. Pølseproduksjonen er ikkje økologisk enno, då me ikkje får tak i økologisk svinekjøt.


Me har mange ulike sortar av pølser me lagar, og du kan få tak i følgjande grillpølser: ramsløk, chili/paprika, kvitløk/persille, lammegrill, biffgrill og ostegrill (ost frå Myrdal gård)

Av middagspølser har me “Dallandspølso” av hjort, etter gamal oppskrift frå garden, “kvardagssnabben” som er ei pølse av svin med timian. God til potestapp og kålrot!

received_561605090912833.jpeg

Gode tilbakemeldingar

Alle pølsene er handlaga av Irene. Me nyttar gode, norske råvarer og er veldig stolte av å produsere mettande og saftige pølser!

I tillegg kan me visa til Ørjan Johannesen sin genuine reaksjon når han tilfeldigvis fekk servert våre pølser i eit bryllup. Det syns me er stas!