vestlandsk fjordfe

 Vestlandsk fjordfe er eit storfekjøt med ein heilt  unik marmorering, og såleis ein heilt eigen smak. 
Våre dyr er utelukkande grasfora, noko som gjer at kjøtet vert betre og inneheld meir naturleg omega 3 fettsyrer! Alt kjøtet vårt er langtidsmodna, og 100% naturleg - ingen tilsetjingstoff!  Fjordfekjøt er tilgjengeleg heile året. Me har både fersk og frose kjøt på lager!

received_472208696861644.jpg

Pølser

I det flotte pølsemakeriet på garden lagar me handlaga pølser! Me er glade for å tilby eit reint, smakfullt produkt til våre herlige kundar. Pølsene våre inneheld kjøt, krydder, vatn. Så i tillegg til å vera svært mettande og smakfulle, er dei og allergivenlege! Mjelkefri og glutenfri. Me produserar no 5 ulike grillpølser og er stadig på utviklingen av nye produkt og smakar.

 
 
vikkihost160.jpg

gammalnorsk sau

Me har nokre få slakt av gammalnorsk sau kvar haust.  Dette kjøtet skil seg frå tradisjonellt lammekjøt med at det mellom anna har lågare beinprosent, mindre fett, og meir omega 6. Det at sauene også et meir variert bidreg til ein breiare smak. Sauene våre er og grasfôra. Dei går ute heile året og trives veldig godt med det. Me er med på pilotprosjektet med nofence på sau. Dette gjer at sauene våre har moglegheit til å beite mange stader dei ikkje har gjort før! Me snakkar kulturlandskapspleiarar på høgt nivå! Bestillingsvare(!!), me sel berre halv/heilt lam. Enten oppdelt eller du kan dela det opp sjølv.