2017-2021

 

Garden

Garden har eksistert på Dalland i lang tid. Driftbygningen som står i tunet i dag er ein kombinasjon av eit bygg frå 1800talet, og eit nyare bygg i frå 1978. Når me overtok i 2015 var bygget eit mjelkefjøs. Me har tilpassa dette til ammekufjøs, og brukar det til 2021. I løpet av 2021 har me planar om å byggja eit nytt, med plass til fleire dyr. Sauene bur for det meste ute, men har leskur i forbindelse med beite sitt. I den gamle stallen på garden har me innreda eit rom til dei 5 kjekke hønene våre.

 

Våre dyr blir fôra med:

 

Rettferdig

 

Naturleg

 

Berekraftig

 

 

                                                            Historie

Gardstunet frå den tida alt var i svart-kvitt

Gardstunet frå den tida alt var i svart-kvitt

Meir info kjem etterkvart 

 

Bygging av elvemur på garden


 

Garden ligg idyllisk til på Tysnes i Hordaland. 

 

Sommaren 2016

Sommaren 2016

Geitekje våren 2016

Geitekje våren 2016

Høytørking juni 2016

Høytørking juni 2016


 

Gardsdrifta - slik jobbar me

Pressing av tørrhøy sumaren 2015

Pressing av tørrhøy sumaren 2015

Fyrsteslått 2016

Fyrsteslått 2016

Rundballepressing fyrsteslått 2016

Rundballepressing fyrsteslått 2016

Pløying våren 2016

Pløying våren 2016

 

Me har i oppstarten drive potetproduksjon, samt grasproduksjon til dyra. Me forar ikkje med kraftfor, då me meinar dyra har best av å eta gras. Fokuset no er økologisk og regenerativ grasproduksjon, oppsetjing av nye gjerder, rydding av beiter, og ferdigstilling av byggeprosjekt.

Me slår og haustar all jorda me driv sjølv. Det meste vert rundballar, noko lagar me tørrhøy av og. Me har som mål i framtida å gå over til å leggja graset i silo igjen, for å unngå den store bruken av plast, sikra fôret frå skadedyr og betra kvaliteten på fôret. Det vil kreva noko ommbygging av fôrsentralen for å få fôret attende i siloane.

Beitene våre ligg stort sett direkte tilknytt garden, noko som gjer at dyra alltid er i nærleiken gjennom beitesesongen. Me har starta ein omfattande jobb med rydding av beiter, og me trur på at rett bruk av dei, samt vidare arbeid med rydding vil bidra til meir produktive beiter, eit vakkert kulturlandskap, og betre trivsel for dyra. 

Me produserer ved enkelte år. Då tek me alt vedtømmeret frå beiteryddinga, og produserer så mykje at me har ved til eige bruk og salg i 2-3 år. Me legg vekt på at veden skal halda den kvaliteten forbrukaren forventar. Frå hausten 2021 vil me og ha flisproduksjon på garden då me skal nytta flis som underlag i den nye driftsbygningen.

Me har bygga vår eige pølsemakeri og kjøtskjæringslokale i 2018, der me lagar handlaga kvalitetspølser. I pølsemakeriet jobbar Irene som både er bonde, gardsbudeie og mykje meir!