2018 her kjem me!

Året 2018 er i gong og på Dalland er det full fart! Utover våren kjem de til å finna oss på Bondens Marked i Bergen. Følg med på facebooksida vår for sjå kva datoar me dukkar opp der. Gjennom våren har me fleire planar, blant anna skal me opna gardsbutikken vår her på Dalland. Då kan du som kunde koma til gards og kjøpa dei flotte produkta våre, og sjå korleis dyra har det, og om du er heldig kan du til og med få me deg ein liten pianosnutt i fjøset! Velkomen til gards skal du vera! Godt nytt år til alle saman. 

Vyrde helsingar frå alle oss på Dalland

Bjørnefjordenmåltidet

Det nærmar seg det store Bjørnefjordenmåltidet som skal vera i Oseana 7.oktober. Me gler oss til å delta på eit så flott arrangement og med berre lokale ressursar! Kjøt av Vestlandsk fjordfe er sjølvsagt på menyen. 

Her går det unna!

Kjempe godt sal av kjøtet vårt gjer at det minkar fort på lageret vårt! Ynskjer du kjøt frå vestlandsk fjordfe? Me har fortsatt ferskt kverna kjøt som egnar seg meget godt til kjøttkaker, tacomiddagen, attåt pasta eller til den heimalaga pizzaen. Alle våre produkt er utan tilsatt salt og vatn. Smak forskjellen! Kverna kjøt â 400g 69,-. To pakker til 129,-.