Året 2018 er i gong og på Dalland er det full fart! Utover våren kjem de til å finna oss på Bondens Marked i Bergen. Følg med på facebooksida vår for sjå kva datoar me dukkar opp der. Gjennom våren har me fleire planar, blant anna skal me opna gardsbutikken vår her på Dalland. Då kan du som kunde koma til gards og kjøpa dei flotte produkta våre, og sjå korleis dyra har det, og om du er heldig kan du til og med få me deg ein liten pianosnutt i fjøset! Velkomen til gards skal du vera! Godt nytt år til alle saman.
Vyrde helsingar frå alle oss på Dalland